Suksessrik sesongopning på Vestlandet

Postet av Norges Orienteringsforbund den 8. Apr 2024

Nyskapinga, Vestlandspremieren, med tre ulike konkurransar i løpet av helga blei ein stor sportsleg suksess.



Over: Kenneth Westerheim stormer ut fra start, med Rolf Atle Roflsnes med et smil like bak.

Under: Oddvar Taksdal stempler på sistepost.


Image


Nyskapinga, Vestlandspremieren, med tre ulike konkurransar i løpet av helga blei ein stor sportsleg suksess. Dette syner at godt samarbeid mellom to o-krinsar betalar seg. 

Vestlandspremieren opna i regi av Bremnes IL, som skipa til skumringssprinten fredags fredagskvelden, der 110 løparar deltok. Lørdag overtok Sveio O-lag med mellomdistanse-orientering. Søndag var det Stord Orientering sin tur med langdistanse. Både lørdag og søndag greide arrangørane å samla over 200 deltakarar, om lag like mange frå Hordaland som frå Rogaland.

Sveio Orienteringslag fekk i løpet av vinteren utarbeidd nyrevidert kart ved Auklandshamn over det aktuelle løpsterrenget. Firmaet Skogsopplevelser med Ørjan Ravndal i spsissen utarbeidde det revidertre kartet som løypeleggarane Thomas Førde og Kjetil Fiskå kunne ta i bruk tfor å laga i alt åtte ulike løyper til lørdagens mellomdistanse. Arenaen lørdag var lagt til Auklandshamn skule, som vart utgangspunkt for løyper i variert og småkupert terreng. Løpsterrenget er delvis skogkledd, men har også mange opne parti. Terrenget er stirikt nærast arenaen og såleis veleigna for dei kortaste løypene. Eit kjøleg regnver sette inn like før tevlingane starta på lørdag. Likevel vanka det mykje ros til arrangøren frå deltakarane etterkvart som dei kom i mål.



Kart og resultater fra alle de tre dagene med konkurranser på Vestlandet finner du via linkene nedenfor:


https://eventor.orientering.no/Events/Show/19190


https://eventor.orientering.no/Events/Show/19310


https://eventor.orientering.no/Events/Show/19189


Under: Full kontroll på tider og stemplinger. Fra venstre Johannes S. Førde, Kristian S. Førde og Henny F. Førde, alle i arrangørklubben Sveio O-lag.


Image


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.